Liv Ullmann
Liv Johanne Ullmann (fødd 16. desember 1938) er ein norsk skodespelar, forfattar og filmregissør.
Liv Ullmann | |
Statsborgarskap | Noreg, Sverige |
Fødd | 16. desember 1938 (85 år) Tokyo |
Yrke | manusforfattar, sjølvbiograf, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, TV-regissør, filmregissør |
Religion | kristendom |
Born | Linn Ullmann |
Liv Ullmann på Commons |
Bakgrunn
endreLiv Johanne Ullmann blei fødd i Tokyo i Japan i 1938. Far hennar var Erik Viggo Ullmann (1907–1945), ein norsk sivilingeniør som arbeidde i Tokyo på denne tida.
Far til Liv Ullmann var flyteknikar, og familien flytte mykje rundt i verda. Ho vart fødd i Tokyo og budde sidan i Canada, New York, Oslo og Trondheim.
Mor hennar var bokhandlaren Janna Ullmann (fødd Erbe Lund; 1910–1996), som også var norsk.[1] Storesystera Janna Erika Ullmann var fødd i september 1936.[2] Familien hadde flytta frå Trondheim til Tokyo i mai 1937, då faren fekk tilbod om arbeid der.[2] Etter okkupasjonen av Noreg i 1940 drog familien til utposten Little Norway i Toronto i Canada, der faren arbeidde i den norske luftstyrken under andre verdskrigen.[1] I juni 1945 døydde han av hjernesvulst, som han fekk etter krigsskader i 1943.[3][2] Ullmann har sagt at dødsfallet til faren forma henne som skodespelar, og ho fekk oppfattinga av at alle menn var som han.[4]
Mora drog heim til Trondheim med døtrene sine hausten 1945, og dei blei elevar ved Singsaker skule.[2] Sjølv om Ullmann var sjenert likte ho teater, og som elleveåring fekk ho ei rolle i ei barneførestilling ved Trøndelag Teater.[1] Ho avslutta skulegangen då ho var midt i gymnaset i 1955 for å dra til London, der ho kunne læra språk og teaterkunst. Rundt eit halvt år seinare var ho på opptaksprøve for Statens teaterhøgskole (då kjend som Statens Teaterskole), men kom ikkje inn. Ho fekk seinare gratistimar med den norske skodespelaren Tore Foss, og spelte ei lita rolle i Sjarmøren av Finn Bø ved Det Nye Teater.
Karriere
endreUllmann debuterte som skodespelar på Rogaland Teater i 1957, som Anne Frank.[5][6] Ho fekk det norske filmgjennombrotet sitt i komedien Fjols til fjells, regisserte av Edith Carlmar, i 1957. Ho hadde si første filmhovudrolle i Ung flukt av Carlmar frå 1959. På 1960-talet fekk ho flere filmroller, mellom anna i Tonny (1962) og Pan (1962). Ho spelte også i teateroppsetjingar som Hamlet, Kransen, Peer Gynt, Brand, Kongs-Emnerne, Et dukkehjem, Rosmersholm og Faust. Ullmann var også aktiv i Fjernsynsteatret.
Gjennombruddet utealands kom med Jan Troell sin dramafilm Utvandrerne i 1971, og Ullmann har sjølv erklært rolla som eit høgdepunkt i karrieren. Ho vanm ein Golden Globe-pris og blei nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolletolkinga. Samarbeidet med den svenske filmregissøren Ingmar Bergman blei også viktig for Ullmann sitt liv og karriere. Tilhøvet til Bergman utvikla seg både profesjonelt og personleg. Ho hadde leiande roller i ei rekkje av filmane hans, og dei fekk ei dotter saman, forfattaren Linn Ullmann. Ullmann spelte i ti Bergman-filmar i løpet av åra 1966 til 2003, mellom anna Persona (1966), En pasjon (1969), Hviskninger og rop (1972), Ansikt til ansikt (1976), Ormens egg (1977) og Høstsonaten (1978), og i TV-serien Scener fra et ekteskap (1972). Ullmann har også spelt på Broadway, og blei nominert til to tonyprisar for stykka Et dukkehjem (1975) og Anna Christie (1977).
I 1992 debuterte ho som regissør med filmen Sofie.
Privatliv
endreHo var gift med Hans Jakob Stang frå 1960 til 1965. Ho fekk dottera Linn Ullmann med Ingmar Bergman i 1966. Ho vart gift med Donald Saunders i 1985.
Ho bur i Boston (i USA) i 2017.[7]
Prisar og utmerkingar
endre- I 1973 vart ho tildelt Peer Gynt-prisen.
- I 1992 vann Ullmann Amandaprisen sin heiderspris.
- I 1996 vann ho Anders Jahres kulturpris.
- I 1997 vart ho tildelt Norsk kulturråds ærespris.
- I 2000 vann ho Aamot-statuetten.
- I 2005 vart ho utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.
- I 2021 vart ho tildelt Æres-Oscar (Academy Honorary Award)[8]
Verkliste
endreSom skodespelar
endre- 1957 - Fjols til fjells
- 1959 - Ung Flukt
- 1962 - Tonny
- 1966 - Persona
- 1968 - Skammen
- 1969 - An-Magritt
- 1971 - Utvandrerne
- - Et dukkehjem (Radioteater)
- 1972 - Nybyggerne
- 1973 - Scener fra et ekteskap
- 1977 - A Bridge Too Far
- 1978 - Høstsonaten
- 1994 - Drømspel
- 1994 - Zorn
- 2003 - Sarabande
Som manusforfattar
endre- Kristin Lavransdatter (basert på romanen av Sigrid Undset)
- Et dukkehjem (basert på stykket av Henrik Ibsen)
Som regissør
endre- 1992 - Sofie
- 1995 - Kristin Lavransdatter
- 1995 - Lumière et compagnie
- 1998 - Enskilda samtal
- 2000 - Trolösa
- 2014 - Miss Julie
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Larsen, Svend Erik Løken (2009). «Liv Ullmann». Norsk biografisk leksikon (Aschehoug).
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Hambro 1998.
- ↑ «Følsom fødselar har øjne, der ikke kan lyve» (på dansk). Politiken. 15. desember 2013. Henta 13. september 2014.
- ↑ Lindmo, 7. november 2015. NRK.
- ↑ Haddal 2000.
- ↑ «Liv Ullmann 75 år». Adresseavisen. Henta 14. november 2015.
- ↑ https://www.svd.se/liv-ullman-jag-ville-hitta-en-anledning-att-leva
- ↑ «Oscars: Academy To Honor Danny Glover, Samuel L. Jackson, Elaine May & Liv Ullmann At 2022 Governors Awards». Deadline Hollywood. 24. juni 2021. Henta 24. juni 2021.
- Litteratur
- Andersson, Bibi; Nørby, Ghita; Ullmann, Liv (2003). Livets søstre: samtaler på Skagen (på norsk). Schibsted. ISBN 9788251620307.
- Bjørnstad, Ketil (2005). Liv Ullmann: livslinjer (på norsk). Aschehoug. ISBN 9788203232602.
- Garfinkel, Bernie (1976). Liv Ullmann (på norsk). Dreyer. ISBN 8209013742.
- Hambro, Edvard (1998). Liv Ullmann - scener fra et liv (på norsk). Gyldendal. ISBN 9788205253605.
- Haddal, Per (2000). Ansikt til ansikt: Liv Ullmann og filmen (på norsk). Norsk filminstitutt. ISBN 8290463952.
- Outerbridge, David (1979). Without makeup: Liv Ullmann, A Photo-Biography (på engelsk). Morrow. ISBN 9780688034412.
- Denne artikkelen bygger på «Liv Ullmann» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juni 2018.