Kamphandlinga 2. mai 1707

Kamphandlinga 2. mai 1707, òg kjend som Beachy Head, var eit sjøslag i den spanske arvefølgjekrigen der ein fransk skvadron under Claude de Forbin hindra ein stor britisk konvoi eskortert av tre linjeskip under kommandør Baron Wylde. Kamphandlinga starta då tre franske skip, «Grifon», «Blackoal» og «Dauphine», forankra seg til HMS «Hampton Court», tok livet av kapteinen hennar, George Clements, og kapra skipet. «Mars» med 60 kanonar, styrt av Claude Forbin, gjekk så til åtak på HMS «Grafton» og då dei franske skipa «Blackoal» og «Fidèle» kom til, tok dei livet av kapteinen Edward Acton, og tok dette skipet òg.[3] Konvoien vart spreidd og det siste britiske eskorteskipet, HMS «Royal Oak», vart hardt råka og med 12 fot vatn innanbords klarte det å kome seg unna ved å gå på land n��r Dungeness. Dagen etter vart «Royal Oak» slept frå staden det stranda, ned til The Downs.[4]

Kamphandlinga 2. mai 1707
Del av den spanske arvefølgjekrigen

Kamphandlinga 2. mai 1707. National Maritime Museum.
Dato 2. og 3. mai 1707
Stad utanfor Beachy Head
Resultat Fransk siger
Partar
 Frankrike  Storbritannia
Kommandantar
Flagget til Frankrike Claude de Forbin Det britiske flagget kommandør Baron Wylde
Styrkar
7 linjeskip
6 kaperskip
3 linjeskip
52 handelsskip
Tap
Små To linjeskip kapra[1]
21 handelsskip kapra[2]
Den spanske arvefølgjekrigen
Flamske og rhinske felttog
Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain

Italienske felttog
Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa
Spanske og portugisiske felttog

Cádiz – Vigobukta – Cap de la Roque – Gibraltar – Ceuta – Málaga – Cabritaneset – Montjuïc – 1. Barcelona – Badajoz – 2. Barcelona – Santa Cruz de Tenerife – Almansa – Xàtiva – Ciudad Rodrigo – Tortosa – Menorca – La Gudina – Almenar – Saragossa – Brihuega – Villaviciosa – 3. Barcelona

Franskmennene tok 21 handelsskip, i tillegg til to 70-kanonars linjeskip, og førte dei alle til Dunkerque.[5]

Slaget

endre

Den 1. mai sette ein stor konvoi av stad mot Vestindia, verna av tre linjeskip. Dei segla ut frå the Downs og var kring 18 n.m. vest for Beachy Head, då dei møtte den franske skvadronen frå Dunkerque, kommandert av Claude de Forbin. Skvadronen bestod av sju linjeskip og seks kaperskip.[6] Slaget byrja då tre franske skip, «Grifon», «Blackoal» og «Dauphine», forankra seg til HMS «Hampton Court», tok livet av kapteinen hennar, George Clements, og kapra skipet. Kommandør Wyld tok fem av dei største handelsskipa inn i linja si og møtte med stort mot åtaket til dei franske skipa.[7] I to og ein halv time kom det tung eld frå begge sider. «Hampton Court» kjempa desperat, men måtte overgje seg.[8] Claude Forbin sitt 60-kanonars «Mars» gjekk så til åtak på HMS «Grafton» og fekk med seg dei franske skipa «Blackoal» og «Fidèle», og skipet vart kapra etter ein halvtime med kanoneld.[9] Wyld sitt HMS «Royal Oak», som hadde 11-12 fot vatn i lasterommet, klarte å komme seg unna med store tap ved å grunnstøyte. Skipet vart sidan slept til The Downs.[10]

Slagordenen

endre

Frankrike

endre
  • «Mars» 60 - Chevalier de Forbin, Chef de Division.[11]
  • «Dauphine» 56 - Comte de Roquefeuil[12]
  • «Fidèle» 56 - Baron d'Arey.[13]
  • «Blackoal» 54 - de Tourouvre[14]
  • «Salisbury» 50 - Chevalier de Vezins.[15]
  • «Griffon» 50 - Chevalier de Nangis[16]
  • «Protée» 50 - Comte d'Illiers.[17]

6 kaperskip[18]

Storbritannia

endre
  • HMS «Royal Oak» 76 - Kommandør Baron Wylde, unnslapp forlis ved stranding.[19]
  • HMS «Hampton Court» 70 - Kaptein George Clements , kapra.[20]
  • HMS «Grafton» 70 - Kaptein Edward Acton  , kapra.[21]

55 handelsskip

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Action of 2 May 1707» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2011.
  • Haws, Duncan; Hurst, Alexander Anthony (1985). The Maritime History of the World: A Chronological Survey of Maritime Events from 5 000 B.C. Until the Present Day. Vol I. ISBN 978-0-903662-10-9.
  • Allen, Joseph. Battles of the British Navy: from A.D. 1000 to 1840 Bell & Daldy publishing, ASIN B00087UD9S
  • Troude, O. Batailles navales de la Frankrike, Vol. I.
  1. Allen s.101
  2. Allen p.101
  3. Haws/Hurst s.347
  4. Haws/Hurst s.347
  5. Allen s.101
  6. Troude 259
  7. Haws/Hurst s.347
  8. Allen s.101
  9. Haws/Hurst s.347
  10. Allen s.101
  11. Troude 259
  12. Troude 259
  13. Troude 259
  14. Troude 259
  15. Troude 259
  16. Troude 259
  17. Troude 259
  18. Troude 259
  19. Allen s.101
  20. Allen s.101
  21. Allen s.101