John Kerry
(Omdirigert frå John F. Kerry)
John Forbes Kerry (fødd 11. desember 1943) er ein amerikansk politikar som var senator for Massachusetts frå 1985 til 2013. Han vart etter primærvala i Sambandsstatane (USA) demokratane sin kandidat til presidentvalet i 2004, men tapte mot den sitjande presidenten George Walker Bush.
John Kerry | |||
| |||
Fødd | 11. desember 1943 (81 år) Aurora | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Religion | Den romersk-katolske kyrkja | ||
Yrke | politikar, marineoffiser, advokat, diplomat, flygar, fredsaktivist, klimaaktivist | ||
Utdanna ved | Yale College Boston College Law School St. Paul's School Yale University Fessenden School St. Albans School Jonathan Edwards College | ||
Mor | Rosemary Forbes Kerry | ||
Far | Richard Kerry | ||
Ektefelle | Teresa Heinz Kerry, Julia Thorne | ||
Barn | Vanessa Kerry, Alexandra Kerry | ||
Alle verv |
|
Kerry studerte ved Yale-universitetet frå 1962 til 1964. Seinare deltok han i Vietnamkrigen, som han seinare vart ein framskoten motstandar av.
John Kerry sin familie på farssida utvandra frå Sudetenland i Bøhmen i Austerrike-Ungarn (nåverande Tsjekkia). Kerry er ein truande katolikk.
Han er gift med Teresa Heinz Kerry.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John Kerry