Jae Nyamburah
Judy Simone Nyamburah Karanja (fødd 12. mars 1987), kjend som Jae Nyamburah, er ein norsk skodespelar, regissør, poet, fotograf og samfunnsdebatant[1][2] fødd i Kenya og oppvaksen på Hauketo i Søndre Nordstrand.
Jae Nyamburah | |||
Fødd | 12. mars 1987 (37 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kenya | ||
Verka som | skodespelar, lyrikar, fotograf |
Nyamburah har spela ei rekkje roller på scene og tv,[3] blant anna Dovregubben i Peer Gynt[4] og Camilla i Linje 5[5] på Det Norske Teatret. Ho debuterte som regissør i 2022 med I skyggen av / Til minne for[6] på Det Norske Teatret i Groruddalen.
Karriere
endreNyamburah byrja som 15-åring å jobbe profesjonelt i kunstfeltet. I 2003 var ho musikkoordinator for albumet Maroon frå The R.I.S.E. (Revolutionary Independence Solid Eloquent) Project og manusforfattar til musikkvideoen All About The Benjamins.[7]
I 2005 debuterte Nyamburah som poet i samarbeid med den politiske rapduoen Dead Prez, i regi av Gate Profeter for Afrikan History Week. Ho har sidan samarbeidd med artistar som Amiri Baraka, The Last Poets og Nicole Rafiki.[8] I 2010 delte ho scene med Saul Williams og Oslo-Filharmonien i oppsetjinga Said The Shotgun To The Head.[9][10]
I 2010 vart fotografia til Karanja, «Secret Society» og «Coming to A.Free.Kah», stilte ut og selde ut på Riksscenen som ein del av kunstutstillinga Synlig-Usynlig ved sidan av blant andre Herman Mbamba og Fadlabi.[11][12][13] Fotografia til Karanja er også å finne i fleire utgåver av Kush Magazine[14] og Kingsize Magazine.
I 2015 tok Karanja bachelor i skodespelarfag og produksjon ved Nord universitet via «Det Multinorske» på Det Norske Teatret.[15] Same år debuterte ho som skodespelar, i rolla som Paula i den politiske satiremusikalen Halve Kongeriket; som vann Komiprisen i 2016. Sidan har ho spela i blant anna The Book of Mormon (Heddaprisen 2018 for Årets Framsyning og Beste Scenetekst[16]), Peer Gynt,[17] og Linje 5.
Nyamburah har hatt roller i NRK-seriane Valkyrien, Livstid[18] og Unge Lovende, og sit i kunstnerisk råd på Vega Scene.
I 2022 var Nyamburah ein av tre nye regissørar som debuterte gjennom Det Norske Teatrets Spire[19] prosjekt, og spela i oppsetjinga Samtaler med Bror. på Nationaltheatret.[20]
Teater
endre- 2015 – Halve Kongerike, Det Norske Teatret
- 2017–2019 – The Book of Mormon, Det Norske Teatret
- 2018 – Peer Gynt, Det Norske Teatret
- 2019–2020 – Charlie og Sjokoladefabrikken, Det Norske Teatret
- 2020 – Linje 5 (2020) Det Norske Teatret
- 2020 – Lear, Det Norske Teatret
- 2021 – Om Sjølvmordets Anatomi, Det Norske Teatret
- 2021 – Min Venn Romvesenet, Det Norske Teatret
- 2022 – BROR, Det Norske Teatret
- 2022 – Samtaler med Bror, Nationaltheatret[21]
Filmografi
endreKjelder
endre- ↑ Andersen, Ida Yasin (14. juni 2021). «Opplever at mange sminkørar ikkje kan sminka mørk hud». NRK. Henta 1. mai 2022.
- ↑ «Det multinorske legges ned». klassekampen.no (på norsk bokmål). Henta 1. mai 2022.
- ↑ «Judy Nyambura Karanja | Skodespelarar». Det Norske Teatret. Henta 15. september 2021.
- ↑ «Peer Gynt | Framsyningar». Det Norske Teatret. Henta 15. september 2021.
- ↑ «Anmeldelse: Don Martin og Zeshan Shakar lager teater om Linje 5. Det blir veldig bra, skriver vår anmelder.». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Spire». Det Norske Teatret. Henta 30. april 2022.
- ↑ «Judy Nyambura Karanja om “All About The Benjamins“». Glem Ikke (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. september 2021. Henta 15. september 2021.
- ↑ «Babidi mbapite (To er bedre enn én) av Nicole Rafiki - Rosenkrantz gate, Oslo». Kulturbyrået Mesén (på engelsk). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Oslo Philharmonic Orchestra / ,said the shotgun to the head» (på engelsk). Henta 15. september 2021.
- ↑ «said the shotgun to the head |» (på norsk bokmål). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Afrikan History Week 2010 til Riksscenen - RIKSSCENEN - Schous Kulturbryggeri». www.riksscenen.no. Henta 15. september 2021.
- ↑ «Illustrasjon: Herman Mbamba vol.6 magazine kush 3 - PDF Gratis nedlasting». docplayer.me. Henta 15. september 2021.
- ↑ «Afrikan History Week 2010». dokumen.tips (på norsk). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Illustrasjon: Herman Mbamba vol.6 magazine kush 3 - PDF Gratis nedlasting». docplayer.me. Henta 15. september 2021.
- ↑ «Tidlegare studentar». Det Norske Teatret. Henta 15. september 2021.
- ↑ Alnes, Espen (17. juni 2018). «Heddaprisar til «The Book of Mormon» og «Engler i Amerika»». NRK. Henta 15. september 2021.
- ↑ «Peer Gynt | Framsyningar». Det Norske Teatret. Henta 15. september 2021.
- ↑ «TV-anmeldelse «Livstid»: Kitsch-krim». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Spire». Det Norske Teatret. Henta 30. april 2022.
- ↑ «Samtaler med bror | Forestilling | Nationaltheatret». www.nationaltheatret.no (på norsk). Henta 15. juli 2022.
- ↑ «Samtaler med bror | Forestilling | Nationaltheatret». www.nationaltheatret.no (på norsk). Henta 22. juli 2022.
- ↑ «"Unge lovende" Episode #2.1 (TV Episode 2017) - IMDb» (på engelsk). Henta 15. september 2021.
- ↑ «"Valkyrien" Pro Bono Publico (TV Episode 2017) - IMDb» (på engelsk). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Ute av kontekst (Short 2019) - IMDb» (på engelsk). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Livstid (TV Series 2020– ) - IMDb» (på engelsk). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Storm». NFI (på norsk). Henta 15. september 2021.
- ↑ «Kongsvika». 7. november 2021. Henta 22. juli 2022.
- ↑ «Minions: Historien om Gru (Minions: The Rise Of Gru) - 2020». Filmweb.no (på norsk). Henta 22. juli 2022.
- ↑ «En annerledes verden (Strange World) - 2022». Filmweb.no (på norsk). Henta 3. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Jae Nyamburah» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2023.