Hans Ross
Hans Matthias Elisæus Ross (14. april 1833–16. juli 1914) var ein norsk teolog, ordbokredaktør, nynorskforkjempar og statsstipendiat frå Holum i Mandal.
Hans Ross | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. april 1833 Mandal kommune, Holum kommune |
Død |
16. juli 1914 (81 år) |
Yrke | lingvist, filolog |
Ross var presteson vart student i 1849 og cand.theol. i 1852. Han arbeidde som lærarvikar, studerte tysk i Tyskland i 1856-1857, engelsk i England 1859-1860 og underviste i språk ved skular i Christiania.
Etter sitt fyrste møte med Ivar Aasen i 1857, fann Ross si livsoppgåve i å vidareføre og utvide Aasens ordboksverk. Frå 1867 til 1888 samla han ordtilfang, og han la vekt på å dokumentere orda i sin kontekst av setningsbygning og grammatikk. Hans hovudverk Norsk ordbog, tillæg til Norsk ordbog av Ivar Aasen, kom ut i hefte frå 1890 til 1895 med supleringshefte i 1902 og 1910.
Dialektprøvene til Ross vart publiserte som Norske bygdemaal i 17 band, 1905 - 1909. Det målpolitiske programmet hans kom til uttrykk mellom anna i Maalreisningen her hjemme, belyst fra utlandet (1878) og i Race. Nation. Sprog (1909).
Ross vart statsstipendiat i 1877, etter å ha hatt stipend nokre år før. Han var medlem av Vitenskapsakademiet frå 1892. Han var med og skipa Det Norske Samlaget i 1868 og var æresmedlem frå 1897. Han var ugift.
I 1934 vart Hans Ross' gate på Ila i Oslo oppkalla etter han.
Litteratur
endre- Kjell Venås i Norsk biografisk leksikon
- Torleiv Hannaas «minneord» i For bygd og by, 1915 (fulltekst)