Gunnleiv
Gunnleiv og Gunnleif er personnamn av norrønt opphav. Andre skrivemåtar av namna er Gunleif og Gunleiv. Gunnleiv har namnedag den 6. august.
Namna er sett saman av dei norrøne namneledda gunnr/guðr, 'kamp, strid', og leifr, láfr, 'som blir igjen', her med tydinga 'etterkomar, arving'.
Namna er rekna som mannsnamn i Noreg. På Island er Gunnleif brukt som kvinnenamn, medan Gunnleifur er den mannlege forma.
I 2009 var namnet brukt av til saman 216 menn der 75 nytta skrivemåten Gunleiv, 66 Gunleif, 48 Gunnleiv og 27 Gunnleif.
Kjelder
endre- «Leif» i Store norske leksikon, snl.no.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Gunnleiv hjå Statistisk Sentralbyrå
- Delar av denne artikkelen bygger på «Ingvar runestones» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2009.