Feklistova
Feklistova (russisk Остров Феклистова eller Ostrov Feklistova) er ei av Sjantarøyane i Okhotskhavet. Ho høyrer administrativt til Khabarovsk kraj i Russland. Med eit areal på 372 km² er ho den nest største øya i øygruppa.
Feklistova | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Sjantarøyane | ||
Feklistova 55°00′N 136°57′E / 55°N 136.95°E |
Feklistova ligg om lag 20 km vest for Bolsjoj Sjantar, hovudøya i øygruppa. Feklistova er dekt av taiga og har ein om lag 3 km lang innsjø på nordkysten.
Øya er ein del av «Kondjor-Felikstov metallogenbelte» og har vaskemalmførekomstar.[1] med mineral som «svartsandplatina».[2] Beltet er eit av dei store metallogenbelta i Nordaust-Asia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Feklistova Island» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Stad
- Satellittbilete av Ostrov Feklistova
- Bilete Arkivert 2008-06-30 ved Wayback Machine.
- ↑ Placer on Feklistov Island[daud lenkje]
- ↑ Platinum, arkivert frå originalen 8. juli 2012, henta 19. juli 2008