Etternamn
Etternamn er ein del av eit personnamn som vert bruka etter fornamnet, som eit tillegg til dette. I Noreg brukast nemninga i dag nærast synoymt med slektsnamn.
Før namnelova av 1923 fanst det likevel ulike former for etternamn i Noreg:
- Patronym som var laga av farsnamnet og endinga -son eller -dotter (evt -søn, -sen eller datter)
- Gardsnamn som ein tok etter garden, bruket eller plassen ein bodde på.
- Slektsnamn som følgde slekta (typisk Winter, Sverdrup, Ibsen)
Etter kvart som skikken med å ta slektsnamn breidde om seg, vart tidlegare patronym og namn på gardar der familien tidlegare hadde budd bruka som slektsnamn i mange familiar.
Mindre vanleg i Noreg, men svært vanleg lenger sør i Europa, har vore å ha yrkestittelen som etternamn. Det best kjende dømet er Smith (smed) i England, som er det vanlegaste etternamnet der.