Elias
mannsnamn
Elias er eit mannsnamn, danna som eo latinisering av det hebraiske Elijja. Namnet har tydinga '[min] Gud [er] Jahve'. Elias har norsk namnedag den 12. juli.
Namnet er kjend frå den bibelske profeten Elias (Elia i nyare bibelomsetjingar). Det har vore i bruk i Noreg sidan 1200-talet, opphavleg i forma Elis. På andre språk finn ein namnet som Elia (italiensk), Elijah (engelsk), Ilyas (arabisk) og Ilja (russisk). Det avleidde kvinnenamnet Eliane er kjend på tysk.
Namneberarar
endre- Profeten Elias (800-talet f.Kr.), profet i Nord-Israel
- Elias Lönnrot (1802-1884), finsk folkeminnesamlar og språkforskar
- Elias Blix (1836-1902), norsk salmediktar
- Elias Kræmmer, psevdonym for den norske forfatteran Elias A. B. Nilsen (1855-1936)
- Plutarco Elías Calles (1877-1945), meksikansk president
- Elias Aslaksen (1888-1976), sentral skikkelse og predikant i Smiths venner
- Elia Kazan (1909-2003), amerikansk regissør
- Elias Canetti (1905-1994), jødisk forfattar og nobelprisvinnar 1981
- Elias Akselsen (f. 1947), norsk songar
- Elias Khoury (f. 1948), arabisk forfattar
- Elijah Wood (f. 1981), amerikansk skodespelar
Oppdikta figurer
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elias» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2009.
- «Elias» i Store norske leksikon, snl.no.