Dovrebanen er ei jarnbanestrekning mellom Eidsvoll og Trondheim, over Dombås og Dovrefjell, som opna 17. september 1921. Mellom Oslo og Eidsvoll er Gardermobanen det rette namnet på Dovrebanen; opphavleg gjekk trafikken på denne strekninga over Hovedbanen, den eldste jarnbanen i Noreg.

Dovrebanen
Skillet mellom Raumabanen (venstre tunnelløp) og Dovrebanen på Dombås
Info
Type Stamlinje
System Enkeltspora elektrifisert bane
Utgangsstasjon Eidsvoll
Endestasjon Trondheim S
Drift
Opna mellom 1864 og 1921
Eigar Bane NOR
Operatør(ar) Vy, CargoNet, Cargolink
Type trafikk Passasjerar og gods
Teknisk
Lengd 485,6 km
Største stigning ø 19 ‰ (Nypan–Heimdal)
Bruer 328
Tunnelar 42
Planovergangar 315
Kart
Dovrebanen

Dovrebanen er elektrifisert på heile strekninga. Banen blir rekna for å vere av dei mest trafikkerte i NSB sitt rutenett.

To andre jarnbaner i kvar sin lut av landet er knytt til Dovrebanen. Mellom Hamar stasjon på Dovrebanen går Rørosbanen via Elverum, Østerdalen og Røros til Støren stasjon på Dovrebanen, og frå Dombås stasjon på Dovrebanen går Raumabanen over Lesja og ned Romsdalen til endestasjonen på Åndalsnes. Desse to banene er ikkje elektrifiserte, men segmentet Hamar-Elverum på Rørosbanen er foreslått elektrifisert i Nasjonal transportplan 2018-2019.

Støren stasjon på Dovrebanen 1880-1890.

Forhistorie

endre

Bygginga av det som til slutt vart Dovrebanen gjekk føre seg over 70 år:

  • 1851 - Bygging av Norsk Hoved-Jernbane (NHJ), Hovedbanen, mellom Oslo og Eidsvoll tok til 8. august.
  • 1854 - Hovedbanen offisielt opna 1. september.
  • 1864 - Trondhjem-Størenbanen opna 5. august.
  • 1880 - Eidsvold-Hamarbanen opna 11. oktober.
  • 1894 - Hamar-Selbanen opna til Tretten 25. september.
  • 1896 - Hamar-Selbanen opna fram til Otta 29. oktober og fekk deretter nemninga Eidsvold-Ottabanen (EOB).
  • 1913 - Otta-Dombås opna 5. desember.
  • 1919 - Støren-Oppdal.
  • 1921 - Dombås-Oppdal opna 17. september. Trondheim-Otta ombygd til normalspor og togsambandet Oslo-Trondheim over Dovre vart etablert.
  • 1927 - Oslo-Lillestrøm elektrifisert.
  • 1953 - Lillestrøm-Hamar elektrifisert.
  • 1966 - Hamar-Fåberg elektrifisert.
  • 1967 - Fåberg-Otta elektrifisert.
  • 1968 - Otta-Hjerkinn elektrifisert.
  • 1970 - Hjerkinn-Støren-Trondheim elektrifisert.
  • 1998 - Gardermobanen opna.
  • 2015 - Minnesund-Kleverud bygd om til dobbeltspor.

Kjelder

endre