Champs-Élysées
Avenue des Champs-Élysées, ofte berre kalla (les) Champs-Élysées, på fransk også tidvis les Champs, er ein kjend aveny i Paris.
Soge
endreNamnet «Champs-Élysées» (uttale IPA ʃɑ̃zeliˈze, ⓘ) tyder 'dei elyseiske markene' kjem frå det opne parklandskapet som tidlegare låg i området ved cours la Reine, ein veg grunnlagd av Marie av Medici. Avenyen blei til på 1600-talet, då landskapsarkitekten André Le Nôtre på vegner av Louis XIV trekte ei linje frå Palais des Tuileries til montagne du Roule, noverande Place Charles-de-Gaulle. Vegen blei kalla Grand-Cours, Grande allée du Roule og avenue du Palais des Tuileries (1680) før ein landa på Champs-Élysées.
Skildring
endreChamps-Élysées er nesten to kilometer, og går i dag frå Place de la Concorde til Place Charles de Gaulle, der Triumfbogen står. Ein kan sjå heile avenyen på ein gong. Champs-Élysées blei aveny først i 1724.
Bruk
endrePå den franske nasjonaldagen 14. juli held ein militærparadar med køyretøy langs avenyen og luftfartøy over. Den franske presidenten følgjer feiringa frå Place de la Concorde.
Siste etappen av Tour de France går langs Champs-Élysées.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Champs-Élysées» frå Wikipedia på svensk, og «Avenue des Champs-Élysées» frå Wikipedia på fransk den 11. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- http://www.champselysees.org Arkivert 2009-05-03 ved Wayback Machine.
Denne transportartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |