Brønnøysund
Brønnøysund er ein by og administrasjonssenteret i Brønnøy kommune i Nordland. Tettstaden har 5 023 innbyggjarar per 1. januar 2023 og fekk bystatus i 1996. Brønnøysund vart likevel ladestad allereie i 1923, og hadde då ein byliknande busetnad. Rett utanfor og frå Brønnøysund kan du sjå Torghatten som er eit kjent landemerke i Nordland.
Brønnøysund | |||
By | |||
Storgata i Brønnøysund
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Brønnøy | ||
Areal | 3,38 km² | ||
Folketal | 5 023 (2023) | ||
Folketettleik | 1 486 / km² | ||
Postnummer | 8900 BRØNNØYSUND | ||
Ferdselsårer | 76 Hurtigruta | ||
Brønnøysund 65°28′30″N 12°12′43″E / 65.4749°N 12.21196°E | |||
Wikimedia Commons: Brønnøysund |
Hurtigruta stoppar i byen to gonger om dagen, sørgåande om ettermiddagen og nordgåande rett over midnatt. Brønnøy kyrkje som står i Sørbyen vart innvia i 1870, men den fyrste kyrkja vart bygd så tidleg som på slutten av 1100-talet.
Tettstaden er mest kjend bland nordmenn flest for Brønnøysundregistra.
Den 6. mars 1995 la Brønnøysunds Avis som fyrste avis i Noreg ut nyhendestoff på internett.