Botanisk hage
Botanisk hage er eit område der ein dyrkar plantar hovudsakleg for forskings- eller utdanningsføremål. Ein kan laga botaniske hagar innomhus eller utandørs, på større eller mindre område. Samlingar som berre omfattar tre- og buskvekstar blir kalla arboret, mens samlingar av frukttre heiter pomet.
Desse museuma av levande plantar er ordna etter ulike prinsipp. Eit mål kan vera å samla så mange ulike plantetypar som mogleg, eit anna å dokumentera eit visst økosystem.
Historie
endreI mellomalderen fann ein ofte urtehagar tilknytt kloster i Europa. Dei første vitskaplege botaniske hagane blei oppretta i samband med tidlege universitet på 1500-talet, først i Nord-Italia, men raskt også elles i Europa.
Dei eldste botaniske hagane er:
Botaniske hagar i Noreg
endreI Noreg finst seks botaniske hagar som samarbeider i Nettverk for norske botaniske hager, i tillegg til Rogaland Arboret (grunnlagd 1972).
- Agder naturmuseum og botaniske hage (1928)
- Arboretet og Botanisk hage i Bergen (1971)
- Arktisk-alpin Botanisk hage i Tromsø (1994)
- Botanisk hage i Oslo (1814)
- Ringve botaniske hage i Trondheim (1973)
- Stavanger botaniske hage (etabl. 1977)
Bilete
endre-
Inne i United States Botanic Garden.
-
Ein botanisk hage på Kitchener's Island i Aswan.
-
Inne i Rio de Janeiro botanisk hage i Brasil, 1890