Benjamin Baillaud
Édouard Benjamin Baillaud (14. februar 1848–8. juli 1934) var ein fransk astronom.
Frå 1869 var Baillaud lærar ved fleire lærestader i Paris. Frå 1874 var han assistent ved observatoriet i byen. I 1878 blei han professor og direktør for observatoriet i Toulouse, og i 1908 blei han direktør for observatoriet i Paris.
Baillaud var president for Société astronomique de France (SAF), det franske astronomilaget, frå 1909 til 1911.[1] Han var aktivt med i arbeidet med å sameinast om ei universell tid, og var med på å skipa det internasjonale tidsbyrået (Bureau International de l'Heure).[2] Baillaud blei den første presidenten for Den internasjonale astronomiske unionen då denne blei skipa i 1919.[3] Han sat i stillinga til 1922. I 1926 gjekk han av som direktør for observatoriet i Paris.
Arbeida hans tek hovudsakleg for seg teorien om rørslene til planetane og kometane og andre emne innan teoretisk astronomi. Benjamin Baillaud gav ut Cours d'astronomie i to band, 1893–1896. Han blei medlem av det svenske Vetenskapsakademien i 1919 og vann Bruce-medaljen i 1923.[2]
Kjelder
endre- ↑ Bulletin de la Société astronomique de France, 1911, bd. 25, s. 581-586
- ↑ 2,0 2,1 «Comprendre - Histoire de l'observatoire de Paris - Charles-Eugènes Delaunay», promenade.imcce.fr, henta 7. januar 2020
- ↑ Blaauw, Adriaan (1994). History of the IAU : the birth and first half-century of the International Astronomical Union. Dordrecht: Kluwer Academic Publishers. ISBN 0-7923-2979-1.
- Denne artikkelen bygger på «Benjamin Baillaud» frå Wikipedia på svensk, den 7. januar 2020.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Baillaud, Édouard Benjamin i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1922)