Alanya
Alanya, tidlegare Alaiye, er ein ferieby og eit distrikt i provinsen Antalya i Middelhavsregionen i Tyrkia, 166 km frå byen Antalya. Byen ligg ved sørkysten av Tyrkia og har kring 100 000 innbyggjarar (2010).[1]
Alanya | |||
by | |||
Alanya sentrum og hamn
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Middelhavsregionen | ||
Provins | Antalya | ||
Høgd | 0–250 moh. | ||
Koordinatar | 36°33′N 32°00′E / 36.550°N 32.000°E | ||
Areal | 1 582 km² | ||
Folketal | 98 627 | ||
Folketettleik | 62 / km² | ||
Grunnlagd | 1872 | ||
Borgarmeister | Adem Murat Yücel | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 07400 | ||
Retningsnummer | (0090)+ 242 | ||
Bilnummer | 07 | ||
Alanya 36°32′37″N 31°59′59″E / 36.543611111111°N 31.999722222222°E | |||
Kart som viser Alanya.
| |||
Wikimedia Commons: Alanya | |||
Nettstad: www.alanya.bel.tr |
På grunn av den naturlege strategiske plasseringa på ei lita halvøy i Middelhavet ved Taurusfjella, og har vore ein lokal skanse for mange rike i Middelhavet, som ptolemaiske, Selevkide, romarane, austromarane og Det osmanske riket. Alanya hadde størst politisk innverknad i mellomalderen under Rum-sultanatet som vart styrt av Alaeddin Kayqubad I, og som byen har fått namnet sitt etter.
Den varme middelhavsklimaet, naturen og dei historiske monumenta har gjort Alanya til eit populært turistmål og står for 9 % av turistsektoren i Tyrkia og tretti prosent av utanlandsk kjøp av eigedom i Tyrkia. Turismen har auka sidan 1958 og vorte den dominerande næringa i byen.
Namnet
endreByen har skifta nasjonalitet mange gonger oppgjennom historia og namnet har reflektert dette. Alanya var kjent på latin som Coracesium eller på gresk som Korakesion frå luvisk Korakassa som tyder «punkt/utstående byen». Under Det bysantinske riket var byen kjent som Kalonoros eller Kalon Oros, som tyder «vakkert fjell» på gresk. Seldsjukkane døypte om byen til Alaiye (علاعية), ei omskriving av namnet til sultan Alaeddin Kayqubad I. På 1200- og 1300-talet, kalla italienske handelsmenn byen for Candelore eller Cardelloro. Under vitjinga si i 1935, sluttførte Mustafa Kemal Atatürk namnet i det nye alfabetet som Alanya, endra 'i' og 'e' i Alaiye, visstnok på grunn av ei feilstaving i eit telegram i 1933.[2][3]
Klima
endreAlanya har eit typisk middelhavsklima.
Vêrdata for Alanya | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 16,2 | 16,3 | 18,3 | 21,1 | 24,7 | 28,7 | 31,5 | 32 | 30,2 | 26,5 | 21,6 | 17,7 | 23,7 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 11,8 | 11,9 | 13,8 | 16,9 | 20,9 | 25 | 27,7 | 27,9 | 25,4 | 21,3 | 16,5 | 13,2 | 19,4 |
Gjennomsnittleg min °C | 8,6 | 8,4 | 10,1 | 13 | 16,7 | 20,4 | 23,3 | 23,6 | 21,2 | 17,4 | 13 | 10 | 15,5 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 199,6 | 148,7 | 98,6 | 65,5 | 33,7 | 9,9 | 10 | 5,7 | 19,1 | 98,6 | 187,6 | 231,5 | 1 108,5 |
Gns. luftfukt (%) | 57 | 57 | 61 | 63 | 66 | 66 | 64 | 65 | 58 | 55 | 59 | 60 | 61 |
Gns. solskinstimar i månaden | 130,2 | 131,6 | 198,4 | 231 | 300,7 | 330 | 337,9 | 322,4 | 279 | 223,2 | 168 | 136,4 | 2 788,8 |
Kjelde: Turkish State Meteorological Service [4]Weather2 [5] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alanya» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Statistical Institute page for Antalya». Address Based Population Registration System (ABPRS) Database. Turkish Statistical Institute. 2011. Henta august 24, 2011.[daud lenkje]
- ↑ Yetkin, Haşim (1990). Dünden Bugüne Alanya. Antalya: Yetkin Dağitim. Arkivert frå originalen 13. mai 2008. Henta 25. august 2012.
- ↑ «Alaiye's Becoming Alanya». Alanyanın Web Sitesi. 2008. Arkivert frå originalen 29. juli 2010. Henta 25. august 2012.
- ↑ http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=ALANYA
- ↑ http://www.myweather2.com/City-Town/Turkey/Alanya/Klima-profile.aspx?month=7
Bakgrunnsstoff
endre- Alanya kommune official site
- Alanya Map Arkivert 2011-10-01 ved Wayback Machine.